Fornya tillit til Bø-brothers

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø blir å finne på landslaget i skiskyting også komande sesong.  Foto: Thibaut/IBU

Nyhende

Norges Skiskyttarforbund har teke ut løparar til elitesatsinga komande sesong. Ikkje overraskande står Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø på lista.

Erlend Øvereng Bjøntegaard (IL Bevern), Johannes Thingnes Bø (Markane IL), Tarjei Bø (Markane IL), Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo IL), Johannes Dale (Fet Skiklubb) og Sturla Holm Lægreid (Bærums Skiklubb) utgjer elitesatsinga for menn.

Egil Kristiansen og Siegfried Mazet held fram som trenarar.

Ronny Andre Hafsås frå Stårheim er trenar for U23-laget for menn.

Skiskyttarforbundet opprettheld dagens landslagsstruktur med to elitelag, to senior utviklingslag, to junior utviklingslag og eitt IPC-lag. Det er like mange kvinner og menn på kvart lag.

- Vi legg bak oss ein veldig spesiell sesong, og ser no frem til å planlegge den neste. Vi har enormt mange dyktige og motiverte skiskyttarar rundt om i Norge. Eg er imponert over nivået og entusiasmen der ute, trass ein utfordrande sesong for mange, seier sportssjef i Norges Skiskyttarforbund, Per Arne Botnan i ei pressemelding.