Må klare seg utan førarkort

Sogn og Fjordane tingrett.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein mann busett i Stryn må klare seg utan førarkort i tre månader, etter å ha køyrd i 86 km/t i 60-sone.

Mannen forklarte i retten at han har sterkt behov for førarkortet i jobben sin, og at det var eit hasteoppdrag som gjorde at han køyrde for fort. Retten kan ikkje sjå at tap av førarrett er meir byrdefull for den sikta enn for til dømes yrkessjåførar som vert frådømt førarretten. Mannen må betale 10.500 kroner i bot.