Opne kyrkjer i påska

Kyrkjene indre Nordfjord er opne den tida dei skulle hatt gudstenester i påska.

Nedstryn kyrkje. Kvar kyrkje er open den tida ho skulle hatt gudsteneste i påska.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Langfredag er det Nedstryn kyrkje og Olden kyrkje (kveld), 1. påskedag er det Nedstryn kyrkje, Nordsida kyrkje, Olden kyrkje, Oppstryn kyrkje og Randabygd kyrkje, 2. påskedag er det Loen kyrkje (kveld) som er open. Stryn kyrkjelege fellesråd har oversikt over dei opne kyrkjene. I kykjene vil dei tilsette vere til stades og m.a. be og tenne lys.