Tre nye smittetilfelle

Skjærtorsdag vart det påvist tre nye tilfelle av Covid-19 i Stad kommune, to i Selje og eitt på Eid.

Det er påvist tre nye tilfelle i Stad kommune, Eitt på Eid og to i Selje.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

To personar busett i Selje fekk påvist Covid-19 etter testing onsdag. Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar, opplyser Stad kommune i ei pressemelding.

Ein person på Eid fekk også Covid-19 etter testing onsdag. Også denne personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien.

Alle dei nye tilfella har såleis vore i karantene og alle har kjent smitteveg kopla til utbrotet.