Statens vegvesen melde i samband med opninga om vekslande snø- og isdekke, men det er også bert og vått her og der.
Inntil vidare kjem strekninga til å vere nattestengd mellom klokka 20.00 og 8.00, melder Vegtrafikksentralen aust.
Valdresflya er den 49 kilomotar lange vegstrekninga mellom Garli og Hindsæter. Ifølgje NRK har sterk vind og snøfokk forseinka opninga.
Delvis ope på Sognefjellet
Fylkesveg 55 over Sognefjellet blir ikkje opna heilt før 1. mai. Onsdag kunne han likevel opnast frå austsida fram til Sognefjellshytta. Frå vest kan ein køyre til Turtagrø. Strekninga Rustadseter – Sognefjellshytta er nattestengd.
(©NPK)