Vil spreie glede med spontan påskekonsert

Første påskedag er det klart for konserten Påskeglede frå Hornindal kyrkje. Konserten vert streama (send på nettet) via kyrkja si facebookside.

Eit knippe av utøvarane: Klare for å spreie påskeglede med konsert på nettet 1. påskedag, frå v. Inge Asbjørn Haugen, Arild Andenes, initiativtakar Torunn Lødemel Stokkeland, Oline Løvlid, Øyvind Seljeset og Kristina Tomasgard. I tillegg vert også Sol Alme Brendefur, Martine Espe Lødøen, Magne Maurset, Kathe Sunde og Morten Bollerud med på konserten.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Torunn Lødemel Stokkeland i Hornindal gjekk og tenkte på at det er ei annleis påske. Alt er avlyst. Folk blir bedne om å halde seg heime og ikkje besøkje andre.