Aukande snøskredfare

Stor snøskredfare frå måndag

Snøskred Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

For både Indre Fjordane, Sunnmøre og Jotunheimen er det no aukande snøskredfare. Søndag er det faregrad 3; betydeleg snøskredfare etter fleire dagar med faregrad 2 (moderat skredfare) for alle nemnde område.

Varsom.no skriv at for Indre Fjordane aukar skredfaren etter mykje nedbør og auka vind som fører til utfordringar med fokksnø i fjellet.

- Nokre skred kan lausne naturleg. Svake kantkornlag i høgfjellet forsterkar problemet, skriv varsom for søndag 4. april.

Frå måndag aukar skredfaren yttarligare til faregrad 4; stor snøskredfare. Då bør ein unngå all skredterreng.

- Stiv kuling og mykje nysnø vil føre til stor vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan løysast ut både naturlig og av skiløpar. Unngå alt skredterreng, skriv varsom for måndag.