Det året det var så mykje snø at Holmøyskarrennet måtte utsetjast til 28. april

Palmesøndag kom og gjekk utan noko Holmøyskarrenn i år - delvis på grunn av korona og delvis på grunn av snømangel. Då er det kjekt med nokre bildeglimt frå 1968, då det var så mykje snø at rennet måtte utsetjast til 28. april!

Jutedalssætra 1968: Funksjonærane står klar med varm saft til både konkurranseløparar og turløparar.   Foto: Privat

Nyhende

Holmøyskarrennet vart skipa til første gong i 1967, med idrettslaga Markane, Veten og Hardbagg som tilskiparar. Det aller første rennet gjekk 9. april 1967, med løype frå Rand til Markane. I mange år var det rullering når det gjaldt start og målgang, og skaret vart forsert i begge retningar alt ettersom kven som hadde starten og kven som hadde innkomsten. Etter den store flaumen i 2011 vart det så store skadar på bruer og løypetrasé i Sør-Markane at Markane IL ikkje såg det mogeleg å halde fram som medarrangør. Frå 2013 heldt Veten og Hardbagg fram med det tradisjonelle rennet, no med start og innkomst på Nordfjord Fritidssenter.