Etterspør ope venterom - men rommet er ope

Hornindal grendeutval etterspør ope venterom ved Grodås busstasjon. Men rommet er ope.

Venterom: Venterommet ved busstasjonen på Grodås har inngang på enden av bygget.   Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

– Kan hende skuldast henvendinga til kommunen misforståing om kva som er rett dør til venterommet. Og kanskje skuldast det igjen at det manglar skilt over døra, seier Audun Gausemel. Han er rådgjevar i Volda kommune, men var tidlegare leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Hornindal kommune, og den ansvarlege for prosjektet med venterom og toalett i bygget ved busstasjonen.