Over dei to høgaste toppane: Jotunheimen Ultimate Challenge er fullteikna

Fjuken: Påmeldinga til den første utgåva av fjelløpet Jotunheimen Ultimate Challenge er fullteikna. - Eigentleg litegrann tøft, seier arrangørane.

Over her:Jotunheimen Ultimate Challenge går over Galdhøpiggen.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyhende

Jotunheimen Ultimate Challenge skal springast den 3. juli. Det er eit fjelløp over dei to høgaste toppane i Nord-Europa. Frå Glitterheim til Juvasshytta over Glittertind og Galdhøpiggen. Ei ultimat utfordring på 35 kilometer, med 3.500 meter stigning.