Laurdag kveld viser prøvesvar at éin person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag. Det melder Stad kommune i ein pressemelding.
Personen har vore i karantene som nærkontakt innanfor husstanden til ein tidlegare smitta. Det er ingen nye nærkontaktar.
Fredag vart 30 personar testa på Nordfjordeid og sju personar testa i Selje. Det er ikkje meldt om fleire positive prøver.
Kommune melder at gjennom påskehelga vil det komme nye statusmeldingar om det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen.
Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 søndag.
Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.
Symptom på koronavirus kan vere:
- Sår hals
- Hoste
- Tett eller rennande nase
- Hovudverk
- Feber
- Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
- Kroppsverk
- Tungpust
- Tap av smak- eller luktesans
- Også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast, oppmodar kommunen.