Å salige stund!

Det har også i år vore ei annleis påske med avlyste gudstenester. Men her er sokneprest Henny Koppen si andakt frå Stryn Omsorgssenter. God påske!

Jesus syner seg for Maria Magdalena. Illustrasjon frå håpsvandringa ved Nedstryn kyrkje.  

Nyhende

Sokneprest Henny Koppen si andakt ved Stryn Omsorgssenter:
Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.» Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» Matt 28,1-10

Dei to kvinnene, som begge heitte Maria visste kvar Jesus var lagt. Dei hadde vore til stades då Jesus døydde. Dei hadde fylgt etter dei som gravla han, for dei visste at dei ville salve kroppen, neste morgon. Det var det einaste dei kunne gjere for han som dei hadde vore så nær då han levde. Men det skulle ikkje bli enkelt. Grava var sperra med ein stor stein og der var sett ut vakter.

Så skjedde dette. Jordskjelv, engelen som kom frå himmelen og fjerna steinen, vaktene som vart livredde, kroppen til Jesus som var borte – trass i at der hadde vore vakt ved grava heile natta. Og så fekk dei høyre engelen tale. Og det var ein kort beskjed: Han har stått opp, som han sa. Gå og fortel det. Og så var Jesus der, levande, lik seg, og med same meldinga: Gå og fortel dette til dei andre!

Desse to nære venene til Jesus vart dei fyrste vitna, dei fyrste som gjekk med beskjed om det som hadde hendt, dei fyrste som forkynte evangeliet. Seinare skulle det skje at nokon ville hindre kvinner i å tale. Det var godt desse kvinnene ikkje vart hindra. På grunn av deira vitnemål veit vi kva som hende denne morgonen. Vi veit at oppstoda frå dei døde er ekte og at den også gjeld oss. Vi veit at Jesus lever og at han er nær oss no.

Å salige stund

(Denne salmen blir kalla Maria Magdalenas jubel)

Å salige stund uten like, Han lever, han lever ennu!
Han vandrer i seierens rike, Min sjel, hvorfor sørger da du?
Han er ikke lenger i graven, Hvor bleknet i døden han lå,
Jeg levende så ham i haven, Og aldri så skjønn jeg ham så.

Han lever, og jeg skal få bringe Hans venner det salige ord
- Tenk, jeg som er ringest blant ringe, Den minste han kjenner på jord.
Tenk, jeg skal hans hilsen frembære, Å, kunne jeg synge det ut!
Å, kunne ei engler begjære Å gå med så salig et bud!


Å, salige stund uten like, Han lever, han lever ennu!
Han vandrer i seierens rike, Min sjel, hvorfor sørger da du?
Du søkte din trøst i den døde, Og dvelte ved gravnatten kun,
Så fikk du ham levende møte, Å, salige, salige stund!