Bil av vegen ved Langeset

Illustrasjonsfoto  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Klokka 20:50 søndag kveld vart det meldt om ein bil som har køyrd utfor vegen ved Cirkle K på Langeset. Bilen ligg på sida, melder politiet.

Av meldinga går det fram at alle skal vere ute av bilen og ingen skal vere alvorlig skada.

Naudetatar er på veg til staden, opplyser politiet.

Glatt Webkamera viser forholda i Markane.  Foto: Webkamera. Statens vegvesen