Kolonnekøyring over Strynefjellet

Dårlig vêr på fjellovergangene

Vanskelege køyreforhold på fjellovergangane søndag. Nokre er stengd, andre har kolonnekøyring

Kolonnekøyring: Kø ved Billingen i Skjåk i retning vestover over Strynefjellet.   Foto: WEBKAMERA STATENS VEGVESEN

Nyhende

Påskeferien går mot slutten og mange skal heim søndag, men fleire av fjellovergangane er prega av veldig dårlig ver med både snøfokk, glatte parti, kraftige vindkast.

Spesielt dårleg er veret på Hardangervidda. Rv 7 vart stengd søndag ettermiddag etter først å ha hatt kolonnekøyring for større køyretøy. Også Fv 51 Valdresflye, rv. 13 Vikafjell og Fv. 50 Hol - Aurland er i skrivande stund stengd.

Det er no kolonnekjøring både på rv 15 over Stynefjellet og på E134 Haukelifjell, ifølge Vegtrafikksentralen.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell er i skrivande stund opne