Bil av vegen ved Kjøshammartunnelen

Glatt Bilen gjekk i autovernet omlag 300 meter søraust for Kjøshammartunnelen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein personbil har køyrd av vegen ved Kjøshammartunnelen måndag ettermiddag. Føraren var åleine i bilen og melder seg uskadd etter hendinga, trass store materielle skadar.

Utrykkingsleiar for brannvesenet i Hornindal, Ståle Hatlelid, fortel at bilen køyrde i autovernet 300 meter søraust for Kjøshammartunnelen.

Det er no manuell dirigering på staden.

Det var slapseføre på vegen.