Fleire snøskred i Oldedalen måndag

Her går "Kroka"

Her går Kroka i Oldedalen

Nyhende

Klokka 18.32 måndag 2. påskedag gjekk fonna Kroka under ved Ceciliekruna i Oldedalen. Janne Helen Gjerde, busett på andre sida av Oldevatnet, såg tilfeldigvis ut vindauget og fekk øye på skredet som dundra nedover fjellsida. Ho fann straks fram mobilen og fekk fanga skredet på film.

Men det stoppa ikkje der. Berre ti minutt seinare gjekk fonna Sandvika like ved.

Også Heimefonna gjekk i ettermiddag 2. påskedag, opplyser Gjerde.

Alle dei tre fonnene som gjekk måndag ligg innanfor 500-600 meter mellom Flåten og Gytri på vestsida av Oldedalen.

Ingen skal vere tekne av skredet som ikkje har gått over Oldedalsvegen, får Fjordingen opplyst.

Jan Markus Kvamme dreiv snøbrøyting på Oldedalsvegen då skredet gjekk. Han hadde akkurat passert staden der Kroka kom ned, men merka ikkje mykje til skredet før han snudde seg og såg fonnvinden stå over vegen.

- Eg kjende fonnvinden, men då eg såg videoen av skredet etterpå så vart eg litt redd. Eg var ganske nære, fortel Kvamme.

Han stadfestar at skredet ikkje gjekk over vegen, men at Oldedalsvegen no er stengd fram til kl. 08 i morgon tysdag, nettopp grunna skredfare.

Varsom.no melder faregrad 4; stor skredfare i Indre Fjordane både måndag og tysdag.

Kroka gjekk også 25. mars i år.