Lesarinnlegg frå Anders Hamre Sveen (Raudt):

"Nei" til EU sin distriktsfiendtlege bustadpolitikk

Anders Hamre Sveen, Raudt Stryn.  Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

Nyhende

På nrk.no kunne ein lese at nye EU-reglar vil gjere det vanskelegare å få bygd nye hus i distrikta. Nye EU-reglar for kapitalkrav som er innført i Noreg gjer at alle dei mindre bankane må ha 50 prosent meir eigenkapital bak kvar krone dei lånar ut. Dette rammer særleg distrikta, der lokale sparebankar spel ei større rolle enn i storbyane. I eit debattinnlegg i Finansavisen skreiv nyleg Norske Boligbyggelag, OBOS, Norsk Eiendom og Finans Norge at Finanstilsynet kjem til «strupe» budstabygginga med deira innføring av dei nye EU-reglane.