Nytt smittetilfelle i Stad

  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Måndag kveld har Stad kommune fått svar på alle prøvene som vart tekne søndag.

- Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid søndag. Smittevegen er kjend. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa. Det er ingen andre positive prøver etter testing søndag, melder Stad kommune i ein pressemelding.

Kommunen oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Kommunen anbefalar også at born med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.

Stad kommune vil kome med ny vurdering av lokale tiltak i løpet av tysdag.