Politiet stenger for publikum

Publikumsmottaka ved politistasjonane og lensmannskontora i Møre og Romsdal politidistrikt vil vere stengde fram til måndag 12. april.

Politiet i Møre og Romsdal stengjer for publikum grunna Covid-19-situasjonen. Illustrasjonsfoto  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

- Bakgrunnen for dette tiltaket er den aukande smittespreiinga i den sørlege delen av distriktet og faren for at den den store mobiliteten i påskeveka, skal forverre situasjonen ytterlagare. For å sikre oss best mogleg å kunne yte hjelp til folk som treng det, er det avgjerande at smitten ikkje får spreie seg blant våre mannskap som arbeider i fremste linje, seier visepolitimeister Ingmar Farstad i ei pressemelding.

Dei som vil ha kontakt med politiet må difor gjere dette pr. telefon.

All beredskaps- og patruljeteneste går som normalt i perioden.