Avlyser Nordfjord Cup i handball

Stryn handball ser ikkje anna råd enn å avlyse årets Nordfjord Cup.

Nordfjord cup: Stryn handball må dessverre avlyse årets Nordfjord Cup.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Stryn handball har kome fram til at Nordfjord Cup 2021 må avlysast. Slik situasjonen er no vil det ikkje vere muleg å gjennomføre cup, seier leiar i handballgruppa, Roy Veamyhr.

Håpa i det lengste

– Det er lite truleg at myndigheitene opnar for innandørs arrangement i størrelsesorden 800-1.000 deltakarar. Vi har håpa i det lengste, men no ser vi ikkje mulegheit for å klare å gjennomføre. Vi prøver igjen neste år, seier Veamyhr.

Heller ikkje i fjor vart den tradisjonsrike handballcupen i Strynehallen arrangert. Også den gongen var koronaen årsaka.