Bil på taket i Olden

På taket: Ein personbil køyrde av vegan og vart liggjande på taket, ved fv 60 i Olden.  Foto: Politiet

Nyhende

Naudetatane rykka ut til ei trafikkulukke ved fv. 60 ved Avleinsvika, om lag 200 meter frå Tyvanestunnelen tysdag morgon.

Der hadde ein personbil med to personar frå Olden i retning Loen køyrd av vegen og enda liggande på taket.

– Begge er uskadde, fastslår politioverbetjent Kurt Hammerø som legg til at det er såpeglatt på staden.

Det var manuell dirigering ved staden, men bilen er no henta ut av grøfta