Gjennom påska har testing og smittesporing vist at ein no kan vurdere smittesituasjonen i Stad kommun som godt kontrollert.
Det opplyser kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, i ei pressemelding tysdag.
– Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa.
Sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, opprettheld ein risikonivå 2 (kontroll med klynger) i Stad kommune ut denne veka. Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar, skriv Vingen Vedeld.
– Tida etter påske er ei sårbar tid med tanke på spreiing av smitte, og det er viktig at alle held fram med å følgje dei gjeldande smitteverntiltaka.
Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.