Gerd Irene Vik må jobba heimanfrå grunna pandemien:

Kjellarstova vart til heimekontor

12. mars i fjor stengde Norge ned. Sidan den gong har Gerd Irene Vik, opphavleg frå Stryn men busett i Lørenskog, hatt heimekontor i kjellaren.

Snart 400 dagar på heimekontor: Gerd Irene Vik frå Stryn er busett i Lørenskog. Ho har hatt heimekontor i kjellaren sidan 12. mars i fjor.   Foto: Privat

Nyhende

– Ikkje fekk vi reist til Stryn på ferie denne påska heller, seier Gerd Irene Vik. Barnebarnet som fyller eitt år i desse dagar har ho knapt fått sett grunna koronarestriksjonane.