Handsamar ekspropriasjonssaka i Olden:

Torsdag må formannskapet ta stilling til tvangsinnløysing

Forhandlingar: Erstatning av flytebrygga på utsida av Mølla har vore eit avgjerande forhandlingspunkt med eigarane. Dei har ikkje vore tilfreds med tilbod om båtplass i småbåthamna 300 meter unna, eller lån av plass i 20 år 150 meter unna. Dei krev ei fullgod erstatning om denne må vekk. Sjølve brygga er eigd av Nordfjord Service Terminal AS ved John Olav Lefdal.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Torsdag denne veka skal formannskapet i Stryn kome med si tilråding i saka om ekspropriasjon (tvangsinnløysing) av grunn og rettigheiter i tilknyting til cruisekaia i Olden.