– Trasig at kommunen ikkje tok seg tid til sluttforhandlingar

Odd Jarle Kvamme i Mølla Eigedom reagerer på at kommunen ikkje har teke opp att forhandlingane med dei etter at det vart gjennomført synfaring.

Venta: Odd Jarle Kvamme (t.h.) har venta på nye forhandlingsmøte med Stryn kommune. Her saman med Ruben Briksdal. 

Nyhende

I eit brev til formannskapsmedlemmane uttrykkjer Kvamme ei viss undering over at kommunen ikkje har teke kontakt i ettertid. Kvamme finn det også rart at illustrasjonen av den tenkte løysinga for hamneområdet først kjem fram no.