140 tungbilar inne til kontroll

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll ved Kjøs bru tysdag.

140 tungbilar var innom kontrollplassen, 27 av dei vart kontrollerte nærare.

Av kontrollrapporten går det fram at fire førarar måtte rydde siktsona før vidare køyring, eitt køyretøy hadde manglar på bremser, og ein sjåfør fekk gebyr for å køyre med eit utslite dekk.