Ordførar og kommunedirektør meiner tiltak er tvingande nødvendig i Olden:

- Alternativet er å finne anna lokalisering for ny kai

Ordførar og kommunedirektør i Stryn gjer det klart at ei ny cruisekai kan bli aktuelt dersom ein ikkje får sett i verk tiltak ved kaia i Olden.

Løysinga: Slik ser kommunen føre seg at cruisekaia og terminalområdet kan sjå ut i framtida, med blant anna molo mellom Mølla og småbåthamna og brei gangveg til cruiseparken. 

Nyhende

Det er gjennom eit skriv på Stryn kommune si heimeside at ordførar Per Kjøllesdal og konstituert kommunedirektør Hilde Lødøen argumenterer for tiltak ved cruisekaia, og samstundes gjer det klart at dersom ein ikkje kjem i mål med naudsynte tiltak kan lokalisering av ei ny cruisekai bli aktuelt. Saman med skrivet følgjer også ein illustrasjon av korleis ein ser føre seg utviklinga av terminalområdet i Olden.