Tok doktorgrad ved NTNU:

Lars Ivar har utvikla digitale verktøy for krevjande operasjonar

Lars Ivar Hatledal frå Markane disputerte før påske til doktorgrad ved NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet) i Ålesund. Doktoravhandlinga har m.a. gått ut på å utvikle digitale verktøy for krevjande operasjonar, til dømes teknologiar for co-simulering og å sjå på korleis co-simulering kan brukast for utvikling "digitale tvillingar" av skip og simulering av maritime operasjonar og utstyr.

Etter vellukka disputas: Bi-vegleiarar Geir Hovland og Arne Styve, doktoranden sjølv, Lars Ivar Hatledal og hovudvegleiar Houxiang Zhang. Foto: NTNU Ålesund 

I løpet av perioden fekk eg og sambuaren min, Caroline Remø Dahl, også tvillingar. Caroline har vore ei enorm støtte og eg kunne ikkje ha greidd dette utan henne!

Lars Ivar Hatledal, doktorand
Nyhende

Som ein del av arbeidet har han m.a. utvikla programvare som gjer det enklare å jobbe med co-simulering, og han har gjort innleiande arbeid mot å bygge ein «digital tvilling» av forskingsskipet R/V Gunnerus.