Eit liv med luft og kjærleik i Loen

Moldensaren Espen Fadnes og sambuaren Amber Forte frå England er i verdstoppen i vingedraktflyging. I Loen Skylift har dei funne sitt perfekte «treningssenter» og i fjor busette dei seg lik så godt i Loen.

Flytsona: Sambuarparet Amber Forte og Espen Fadnes er i verdstoppen i vingedraktflyging. Dei har busett seg i Loen og har fått Hoven og Loen Skylift som «treningssenter». – Eg har truleg 300 hopp frå Hoven, fortel Fadnes, som også hadde mange hopp bak seg frå fjellet før gondolen kom. 

Nyhende

Sambuarparet har budd i Loen i ganske nøyaktig eitt år. Sjølv om dei flytta hit midt i koronautbrotet, og såleis har fått ein førebels avgrensa kjennskap til sambygdingar og livet i kommunen elles, trivst dei godt på sin nye heimstad.