Snøskred tok vegen og straumen i Lodalen:

Innestengd bak ras sidan tysdag

15-16 fastbuande lever det Anne Sølvi Sande kallar ein smule improvisert, etter at snøskred sperra vegen og tok straumen i Lodalen tysdag.

Aggregat til å halde fryseboksar og i gang og matlaging på utegrill er kvardagen for Anne Sølvi Sande og dei andre i Lodalen som er sperra inne bak snøras på tredje dagen.  Foto: Privat

Nyhende

- Vegen vart stengt på grunn av rasfare måndag kveld, og tysdag kom det to store ras som knekte høgspentstolpar og gjorde at delar av Lodalen vart utan både veg og straum, fortel Anne Sølvi Sande i Bødal.