Laserkontroll i Innvik

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Utrykkingspolitiet hadde laserkontroll i 50-sona på fv 60 i Innvik torsdag.

Det vart skrive ut åtte forenkla førelegg for fart, der høgste hastigheit vart målt til 65 km/t.

I tillegg vart det skrive ut to forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon, opplyser politiet.