Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding torsdag.
– Regjeringa har vedteke å lytte til utdanningssektoren som meiner det vil vere for krevjande å gjennomføre munnleg og munnleg-praktisk eksamen for alle på studieførebuande VG3 og påbygg. Vi har stor forståing for at elevar og lærarar står i ei vanskeleg tid. Derfor er det ikkje riktig å gjere endringar i eksamenstrekket no, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Skriftlege eksamenar, og dessutan munnleg-praktiske og praktiske eksamenar vart avlyste i februar, på grunn av omstende rundt koronapandemien. Privatisteksamenar blir ikkje avlyste.
(©NPK)