Ulukka som alltid vil stå som eit mørkt kapittel i livet hans

Espen Fadnes har drive med basehopping i 20 år, og fram til i fjor var han skåna frå dødsulukker tett på kroppen. Men 15. august i fjor stod Fadnes på landingsplassen og måtte innsjå at tredjemann i gruppa aldri kom.

Basehoppulukka: 15. august i fjor stod Espen Fadnes på landingsplassen og venta forgjeves på 26 år gamle Kim Ofte Gonsholt. Han nådde aldri ned til Fadnes og kameraten. Den innteikna linja viser om lag ruta 26-åringen flaug før han gjekk i bakken i nærleiken av stien opp til Skåla. Foto: Bengt Flaten 

Nyhende

– I løpet av 20 år med hopping var det første gong eg var i ei gruppe der ein har gått bort. Eg håpa å få leve heile livet utan å oppleve det, men det er ein risikosport og ting kan gå gale, seier Fadnes, når vi spør han om den tragiske hendinga i Loen på seinsommaren i fjor, der ein 26 år gammal mann omkom etter basehopp frå Skåla. Eit tysk par vart vitne til at mannen trefte bakken nær stien på nedsida av Skålavatnet.