Barn som driv med kultur, blir likestilte med idrettsbarna

Same reglar vil frå no av gjelde for barn som driv med kulturaktivitetar som for dei som er i barneidretten. Det betyr fleire tilskodarar på arrangement.

Skulekorpset: Stryn Skulekorps spelte ved Stryn Omsorgssenter 17. mai.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sa på pressekonferansen tysdag at han hadde gode nyheiter til dei barna som ikkje er aktive i idretten.

– Også dei som driv med andre fritidsaktivitetar enn idrett, kan no vere inntil 50 personar til stades. Idrett og kulturarrangement blir no likt behandla. Det kan vere 100 tilskodarar viss det er fast tilviste plassar, slik regelen er for andre arrangement, seier Ropstad.

(©NPK)