FHI:

Massevaksinasjonen kan bli åtte til tolv veker forseinka

Dersom verken AstraZeneca- eller Johnson & Johnson-vaksinen blir teken i bruk, kan vaksinasjonen av alle over 18 år bli forseinka i inntil tolv veker.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Forseinkinga blir betydeleg om AstraZeneca- og Johnson & Johnson-vaksinane ikkje blir tekne i bruk, ein stad mellom åtte og tolv veker har vi estimert. Men det vil først og fremst ha noko å seie for dei yngre, sa avdelingsdirektør Line Vold i FHI på pressekonferansen på tysdag.

Då vil siste stikk blant dei over 18 år bli sett i veke 40.

Berre i juni skal det etter planen komme i underkant av ein million dosar av Johnson & Johnson-vaksinen til Norge, opplyste Vold.

(NPK-NTB)