Eli Berge Ness frå bonde- og småbrukarlaget:

- Vi tek lausdriftkampen

– Ein skal velje sine kampar. Vi vel å ta kampen for at lausdriftskravet i mjølkeproduksjonen berre skal gjelde ved nybygg, seier Eli Berge Ness, politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Politisk nestleiar: Eli Berge Ness er politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. – Vi vel å ta kampen for at lausdriftskravet i mjølkeproduksjonen berre skal gjelde ved nybygg, seier ho.  Foto: NBS

Nyhende

Frå 2034 vert det krav om lausdrift i fjøsar med mjølkeproduksjon. Før dette må alle som i dag har kyr på bås, byggje om driftsbygningane sine.