Stryn:

No kan du registrere deg sjølv for koronavaksine

Stryn kommune har opna for sjølvregistrering for koronavaksine. Registreringa er førebels berre opna for dei over 65 år. – Vi sender også ut SMS til dei som står for tur til vaksine, seier Malin Ek Bråtene, som organiserer vaksineringa i kommunen.

Har ansvaret: Malin Ek Bråtene har ansvaret for logistikken når det gjeld koronavaksinering i Stryn kommune.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Malin Ek Bråtene har jobba i heimetenestene i kommunen i fleire år. Men no har ho fått ei ny rolle.

Ho er henta inn for å ha ansvaret for logistikken når det gjeld vaksinasjon mot Covid-19.

Frå Stryn Helsestasjon, som har vaksineansvaret i kommune, set ho opp alle timar, tek alle telefonar, svarar på spørsmål.

- Dei er det mange av, seier ho.

- Men eg svarar så godt eg kan , og sender vidare i systemet om det t.d. er medisinske spørsmål.


Registrerte seg sjølve

SMS-varslinga for Covid-vaksine vart sett i gang sist veke. I første omgang vart det sendt ut 150 tekstmeldingar for å prøve ut systemet.

- Det verka bra. Veldig mange gjekk på nett og registrerte seg sjølve for time. Resten ringte inn, seier Malin Ek Bråtene.

SMS-en inneheld informasjon frå kommunen pluss ei lenke til innlogging for å registrere seg for vaksinasjonstime.


Går ikkje glipp av vaksinen

Å sende ut SMS-ar er ressurssparande, seier Bråtene.

- Det har teke mykje tid å ringje til absolutt alle. Så det er fint at fleire går inn og registrerer seg for time sjølv.

- Kva med dei som ikkje opnar SMS-en sin eller ikkje får til å gå inn på nettsida og registrere seg for time, går dei glipp av vaksinen si?

- Absolutt ikkje. Dersom dei ikkje opnar SMS-en eller registrerer seg på nett, tek vi kontakt.

- Og dei som vil seie nei, kan gjere det?

- Det kan dei. Men vi håpar så mange som mogeleg seier ja!


Rundt 250 i veka

I Stryn kommune vaksinerer ein no dei i aldersgruppa 65-74 år.

- Kor mange vaksinerer ein i veka?

- Det har gått fortare no enn i starten. Vi har lege på rundt 250 i veka siste vekene.

Vaksinen vert tilbode gratis til alle innbyggjarar, og vaksinering går føre seg i Stryn kulturhus og enkelte dagar i Innvik, der vaksinering føregår ved Innvik Fjordhotell Misjonsheimen. Men det er ikkje berre å møte fram, understrekar Bråtene. Først må ein ha sett seg opp for time. Ingen time, inga vaksine!


Her finn du kommunen sin informasjonsfilm om koronavaksinering.