Kan Nordfjord bli pilot?

Ètter endå ein vellukka konferanse arrangert av ME-konferanse Stryn spelar arrangørene ballen over og spør om ikkje Nordfjord, eller Vestland fylke, kan vere pilot i eit prosjekt om tilrettelegging for ME-pasientar og pårørande.
Nyhende

– Etter tre konferansar arrangert av ME-konferanse Stryn er det gjeve mykje kunnskapsdeling og forskningsresultat. ME-pasientane har eit inderleg ønske, å bli frisk, samt få ein lettare kvardag. Vi håpar kommune, helsevesen, NAV, fylkeskommune med fleire tek kunnskapen til seg. Dei skulle såleis ha grunnlag for å vere pilot i eit prosjekt om tilrettelegging for ME-pasientar og pårørande. ME-pasientar slit ikkje berre med sjukdomen, men også mot eit tungt og vanskeleg system, seier Ester Skrede frå arrangørgruppa.