Stor og vellukka ME-konferanse

ME-konferanse Stryn vart denne veka arrangert for tredje gong, no på nett. Eit stort knippe fagfolk heldt føredrag frå Norge, Sverige og USA. Over 150 deltakarar frå fleire land følgde konferansen og ga svært gode tilbakemeldingar på nett undervegs.

Deltok frå USA: ME-forskar, immunolog og professor i epidemiologi ved Columbia University, New York, Mady Hornig. Skjermdump frå ME-konferanse Stryn 

Nyhende

To dagar med biomedisinske føredrag kan ikkje gjenforteljast i korte avisartiklar. Men dei aller fleste studiane som vart omtalt er publiserte, og kan finnast for dei som er interesserte.