Mange vil ha på sommardekka:

– Godt med arbeid framover

Det tek ikkje lang tid å skifte dekk når utstyret er i orden.

Gjort på 1-2-3: Tom Kenneth Kristiansen i full gang med å skifte dekk på ein bil. Det gjekk ikkje lange stunda før sommardekka var på.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Laurdag var Tom Kenneth Kristiansen og innehavar av Stryn Bensinstasjon Per Eilert Ommedal i full sving med å skifte frå vinterdekk til sommardekk på bilar. Med godt utstyr og løftebukk var det ikkje lenge kunden måtte vente før bilen var nyskodd og klar til møtet med bar asfalt.