Ønskjer å legge til rette for gardsturisme:

– Føler meg motarbeidd av kommunen

Helge Auflem i Olden ønskjer å lage til ei leilegheit til utleige for turistar, men Stryn kommune seier nei. – Eg føler meg motarbeidd av kommunen, seier Auflem.

Motbakke: Helge Auflem i Olden føler seg motarbeidd av kommunen når han ønskjer å lage ei leilegheit til utleige for turistar.  Foto: Thomas Thaule

Kommunen har ikkje vore og sett på det eingong. Eg føler meg overkøyrd, og eg blir hindra av å tene pengar på småbruket

Nyhende

– Eg føler meg dårleg behandla, seier ein oppgitt Auflem. Han har søkt om bruksendring for ein låve som i si tid vart sett opp av faren. Endeveggen bles ned under orkanen Dagmar, men vart sett i stand att og forsterka med murveggar.