Stryn kommune tek sjølvkritikk

– Å vente i månadsvis på byggjeløyve på ei kommunal tomt held ikkje

– Byggjeløyve skulle ta alt frå tre timar til tre veker å få på plass. No har vi fått brev frå kommunen om at det tek meir enn tre månadar. Eg kan ikkje begripe det, seier Arvid Rustøen oppgitt.

Må vente: Saman med kona kjøpte Arvid Rustøen denne kommunale bustadtomta nedst i Naustbakkane i Olden. Han kjøpte tomta i mars og trudde alt skulle vere klart til å begynne arbeidet, men får neppe byggjeløyve før til hausten. – Eg kan ikkje begripe det, seier Rustøen. Planen om å flytte inn i nytt hus før jul kan han truleg gløyme  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I fjor haust selde den no pensjonerte mjølkebonden Arvid Rustøen (69) garden sin i Oldedalen som han har drive sidan 1986.