Støtta ny ungdomsgruppe i Røde Kors

Etablering av ungdomsgruppe i Stryn Røde Kors Hjelpekorps får tildelt 15.000 kroner og dermed mest i støtte frå midlane til Stryn ungdomsråd.

Stryn ungdomsråd: Frå venstre: Magdalena Kapcerska, Martine Erdal- Henriksen, leiar Mina Flo Håvik, Oda Svarstad Hole, Selma Guddal Breivik, Hedda Fredheim Klaesson og Marcel Piwko var på møtet onsdag.  Foto: Stryn kommune

Nyhende

På møtet onsdag fordelte ungdomsrådet pengar til tiltak og prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for barn og unge.