LEIAR:

"Stryn skil seg ut som ein av dei vanskelegaste i klassen"

må vente: Saman med kona kjøpte Arvid Rustøen denne kommunale bustadtomta nedst i Naustbakkane i Olden. Han kjøpte tomta i mars og trudde alt skulle vere klart til å begynne arbeidet, men får neppe byggjeløyve før til hausten. – Eg kan ikkje begripe det, seier Rustøen som truleg kan gløyme å flytte inn i nytt hus før jul.  Foto: Roger Oldeide

Det er alle saker der kommunen og innbyggjarar er på kollisjonskurs

Nyhende

«Eg er i kontakt med 60-70 kommunar og Stryn er av dei absolutt mest tungrodde». Sitatet tilhøyrer Gard Grubstad i Älvsbyhus, og er ein kommentar til frustrasjonen Arvid Rustøen målber i dagens avis. Rustøen og kona har kjøpt ei kommunal tomt i Naustbakkane i Olden. Dei rekna med at sakshandsaminga i kommunen skulle gå raskt, ettersom dei har kjøpt ein nøkkelferdig einebustad og skal byggje på ei ferdig regulert kommunal tomt.