Varmtvassbasseng i Stryn:

Meiner lotteriinntekter var mynta på forprosjekt

Nestleiaren i Stryn Revmatikarlag, Karin Aaning, meiner det ikkje bør herske tvil om at laget sine oppsparte pengar er øyremerka forprosjekt varmtvassbasseng.

Varmtvassbasseng: Nestleiaren i revmatikarlaget i Stryn meiner det kjem tydeleg fram i årsmeldingar at lotteriinntektene skulle gå til forprosjekt varmtvassbasseng. Her frå bassenget i Volda der lagsmedlemmane har lagt treninga siste åra, i påvente av nytt basseng i Stryn.   Foto: Kaia J. Viki

Nyhende

Førre veke skreiv Fjordingen at leiaren for revmatikarlaget, Magnhild Berge, etterlyste dialog med Stryn kommune kring finansieringa av forprosjekt varmtvassbasseng og stilte spørsmål ved at kommunen hadde lagt til grunn at revmatikarlaget skulle bidra med 200.000 kr. Berge påpeika at dette var det ikkje gjort noko styrevedtak på i laget, i alle fall ikkje enno.