Bustadtomta i Hogane har stått ledig sidan 1997:

Men naboar har ønska tomta i årevis

Tre naboar skal i forhandling om fordeling av kommunal bustadtomt.

Kan bli delt: Teknisk utval var på synfaring av denne kommunale bustadtomta i Langåsen i Hogane. Naboane i både aust og vest, hendhaldsvis Kari Ann Fredheim og Vidar Edelston, har lenge ønska seg tomta som tilleggsareal til eiga tomt og meiner kommunen har motarbeida ei slik løysing.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Teknisk utval i Stryn var på synfaring av ei bustadtomt i Langåsen i Hogane bustadfelt torsdag. Den kommunale tomta, som har eit dreneringsproblem, har vore ledig på marknaden sidan den vart oppført i 1997.