Ønskjer utvikling av uteområdet snarast

Eit knapt fleirtal i skule- og kulturutvalet i Stryn vil framover prioritere uteområdet og opprusting av Stryn ungdomsskule, og vil oppretthalde dagens struktur for barnehagar og skular i kommunen.

Skule- og kulturutvalet ønskjer at planlagd utvikling av uteområdet ved Stryn ungdomsskule blir sett i gang snarast råd, og imøteser planar for opprusting av noverande bygningsmasse. 

Nyhende

Dette var nokre av punkta i strategien for framtidige prioriteringar og bruk av ressursar i sektoren for skule og barnehage i Stryn kommune.