Amalie (20) stortrivst som mekanikar for tunge køyretøy

Eigentleg ville ho drive med personbil. Men etter utplassering blant bussar og lastebilar var Amalie Skilbrei Våtevik sikker: Det var dei tunge køyretøya ho ville jobbe med. Og slik vart det.

Frå ho var lita: Amalie Skilbrei Våtevik har mekka frå ho var lita, med ein far som skrudde bil. Og då ho var utplassert, kom interessa for storbil. No er ho faglært mekanikar for storbilar. 

Nyhende

Amalie frå Sogndal gjekk læretida si og tok fagbrev hos Trucknor Sogn og Fjordane i Stryn.