Bøndene krev to mrd. kroner i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane leverte kravet tysdag.

Forhandling Forhandlingsleiar frå staten, Viil Søyland flankert av leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes t.v. og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff på pressekonferansen under kravoverleveringa som innleier jordbruksforhandlingane.  Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt felles krav til staten i det 71. jordbruksoppgjeret er 2,114 mrd. kroner. Organisasjonane krev midlar til å sikre inntektene til bøndene, støtte til investeringar i landbruket og sikre velferdsgode for bøndene.