Stad kommune:

Ein person testa positivt for covid-19

  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19. Det opplyser kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, i ei pressemelding.

- Tysdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid måndag, at éin person har testa positivt for covid-19. Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person frå Ålesund, og fekk positivt svar på testen som vart tatt mot slutten av karanteneperioden. Ein person i same husstand er sett i karantene og vert testa. Smittesporinga er avslutta.